Fair Isle-strikk
Mønsterstrikk frå Shetland.429,00 kr
Fair Isle-strikking er tradisjonell og vakker fleirfargestrikking frå Shetlandsøyane med mønsterbordar i ullgarn. Fargane i mønstera er naturnære og hentar inspirasjon frå det karrige landskapet og det særmerkte lyset på Shetland. Typisk for strikketeknikken er at fargar blandar seg i bordane og står fram på nye og uvanleg vakre måtar. Teknikken er enkel; det vanskelege er å blande fargar og nyansar som gjer at mønstera står fram. Boka gir deg inspirasjon og innføring i korleis du kan bruke og kombinere fargar, men også historikk om Fair Isle-strikking. Dessutan inneheld boka oppskrifter på genserar, luer, halsar, vottar og vesker og innføring i strikketeknikkar. I mønsterbiblioteket finn du Fair Islemønster til dine eigne prosjekt.
1 på lager