Lengten etter Gud
Frå bedehuset til Sarons dal329,00 kr
Gjennom biografien, Lengten etter Gud, får vi eit unikt innblikk i ein del av norsk kyrkjehistorie dei siste 60 åra som er underkommunisert.
Boka er ei livsreise for to menneske som har vigd sitt liv til å tena Gud. Lesaren blir tatt med på ei reise med både framgang og vekst, og konfliktar og nederlag. Gjennom oppveksten på bedehuset, opplevinga av dåpen i Den heilage ande og kall til teneste i Sarons Dal, får vi eit innblikk i ein lengt etter å sjå Guds gjerningar og å tena han på ein djupare måte. Boka er ein verdifull ressurs for alle som er interessert i nyare norsk pinse- og karismatisk historie, og ho gir eit balansert og realistisk bilete av livet i teneste for Gud. Vi vil anbefala denne boka til alle som ønskjer å læra meir om norsk kyrkjehistorie og om kva det betyr å leva i lydnad mot Guds kall.
2 på lager